 |
-Vi blir hele 40 rovere og speiderledere på Bjørnsund førstkommende helg, vi gleder oss til...
|
 |
Trekning i kretslotteriet er foretatt, og Sofie Johnsen Lynghaug fra Isfjorden vant...
|
 |
Patruljene Hauk fra Moldespeiderne, FancyPants fra 1. Batnfjord og Oter fra Moldespeiderne har...
|
 |
Vandrere (8. - 10. trinn) i Romsdal og Nordmøre krets har vært på nomadetur hvor...
|
 |
I løpet av tiden frem til sommerferien skjer det masse på speiderfronten i kretsen vår....
|
| Beate og Anne Sofie i djup snø.
Måneskinnsskitur og «fireball» leik for vandrarane i 3. Fræna Aureosen
Publisert: 04.02.2010 kl. 08:41 - sist oppdatert: 04.02.2010 kl. 08:42
Stjerneklart og minus åtte grader då vandrarane i 3. Fræna Aureosen speidargruppe drog på måneskinnsskitur til Åndalsetra.
Godt kledde vandrarar gjorde at måneskinnsskituren vart ei flott oppleving. Etter ein skitur på omlag ein halvtime var alle komne opp til gapahuken på Åndalsetra. Første post på programmet var å steike toast og lage kakao og toddy. Etter at alle var gode og mette var vi klar til kveldens store oppleving; kaste "fireball". "Fireballene" hadde vi laga av tøystrimler på forrige speidarmøte, og dei hadde no fått liggje eit døgn i rødsprit. Før vi starta leiken kledde alle av seg flotte ytterjakker, for alle var budd til å leike med brennande baller ved å ha på ullgensere under. Litt skrekkblanda fryd i starten, "det går vel ikkje an å ta i imot ein brennende ball med berre hendene utan hansker". Men etter ein kort demonstrasjon var det ikkje lenge før alle vandrarane var med i leiken. Dette var skikkeleg tøft. Og som alltid, når vi held på med noko morosamt så har vi for kort tid. Dette frista til gjentaking. Er det nokon som har lyst til å prøve, sender vi gjerne oppskrifta på fireballene.
|