stemningsbildeLogo
OMKRETSENARRANGEMENTERORGANISASJONDOKUMENTERGALLERI
31.03.09 80 % fra R&N til leir
03.03.09 Har du bestilt materiell?

Takk for et vellykket kretsting

Publisert: 20.02.2019 kl. 21:03 - sist oppdatert: 20.02.2019 kl. 21:09

Godt gjennomført kretsting med mange unge på talarstolen

Speidarane sitt kretsting er ein god skule i demokrati: 15 speidarar under 16 år hadde innlegg på kretstinget i Elnesvågen i helga. I forkant av kretstinget hadde speidarane gått gjennom bøllekurs som førebudde dei på årsmøtesaker og trening i å ta ordet.

Kretstinget samla over 60 deltakarar frå åtte speidargrupper i Romsdal og på Nordmøre. 41 av desse hadde stemmerett. I løpet av helga behandla forsamlinga årsmelding, rekneskap, budsjett og valde nytt kretsstyre. I det nye kretsstyret sit Patrick Gule (kretsleiar), Markus Rånes (visekretsleiar), Silje Tonette Hammers Kroknes, Hjalmar Hals, Elin Austnes Opdal (styremedlemer), Kim Atle Kvalvåg og Stian Gildestad (varamedlemer).

I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene, vedtok kretstinget å arbeide for å tilsette ein person i løna stilling. Speidargruppene skal inviterast til å vere med i prosessen for å kartlegge kva behov kretsen og gruppene har for hjelp og støtte.

1. Fræna Elnesvågen var teknisk arrangør for kretstinget og deltakarane fekk god mat, flott underhaldning og tid til å vere sosiale og finne nye venner.

Tekst: Patrick GuleFoto: Synnøve ValleUtskriftsvennlig versjon
Søk i kretssidene
Googlesøk i sidene til Romsdal og Nordmøre
Speiderbasen
speiderbasen.no
min.speiding.no
min.speiding.no
Pb 6910 St. Olavs plass
0130 Oslo | 22 99 22 30
Romsdal og Nordmøre krets | Fjellbruveien 17, 6415 Molde | romsdal.nordmore@scout.no